Facebook og eg

Audun Roe Grimstad er Art Director i Metro Branding - og har eit elsk-hat forhold til Facebook.

Facebook og eg

Eg er på Facebook, som det heiter. Det har eg vore i 12 år, sidan 2007. Eg har eit elsk-hat-forhold til det.

Eit personleg skråblikk på Facebook 

Ikkje mange hendingar har påverka livet meir enn Facebook.
Det er ikkje lett å innrømme det, men det utgjorde heilt klart eit skifte i kva eg har brukt tid på. Eg visste absolutt ingenting om Facebook, Zuckerberg eller notifications. Men eg såg snart at ei ny verd openberra seg.

Det kom veneførespurnadar frå fjern og nær. Folk eg ikkje hadde sett på tiår, dukka plutseleg opp i feeden min, dagleg, med sine trivialitetar. Barndomsvener, studiekameratar frå åra i England og enkelte du rett og slett hadde gløymt eksisterte. Dei delte villig vekk matbilder, selfiar, portrett av vinglas og ølflasker i solnedgang. Hundar, hestar, konsertar og splitthopp på fjelltoppar.

Søstera mi, som hadde vore på Facebook nokre månader allereie, var den første som skreiv på veggen min. – Hei. Velkomen til galskapen, kommenterte ho, tørt. Eg var skeptisk og det gjekk ei god stund før eg turte å skrive noko sjølv. Ingen er interessert i kva eg et til middag, tenkte eg. Så feil kan ein ta.

Det er i grunnen nærliggande å trekke parallell til babystadiet. Alt var nytt, spanande og potensielt livsfarleg. Eg gjekk med vaklande steg gjennom ukjente omgjevnader med feller og freistingar overalt. Og, med jamne mellomrom skeit eg meg ut.

Facebook lar deg enkelt finne dei første statusoppdateringane du skreiv. Det er interessant lesnad og ei reise i fjern fortid som kjennest svært nær. 12 år har flyge forbi. Samtidig er det skrikande påfallande at eg har hatt ei viss læringskurve desse åra. Ei heilt nødvendig ei, om ikkje så bratt, som eg skulle ønske.

I starten var det vanleg å skrive relativt personlege meldingar direkte på kvarandre sine Facebook-veggar, i staden for i innboksa. Vi «tagga» kvarandre heilt ukritisk i bilete som låg til spott og spe for heile verda. Uredigerte fotoalbum med absolutt alle bileta frå helgeturen til Paris eller festen på jobb vart delt med alle som ville sjå.

Synes eg at det var for lenge sidan nokon hadde via meg merksemd, kunne vedkomande få eit «poke». Eg pirka borti profilen deira, eit dult, om du vil. Så dulta dei tilbake og vi enda opp i ei meiningslaus dulting, fram og tilbake. Tilbake i 2007 opererte Facebook med «is» bak namnet ditt, når eg skulle skrive noko. «Navn Navnesen is ...» stod det. Det la visse føringar for korleis eg ordla meg og enda i umåteleg inkjeseiande og kjedelege oppdateringar. «Audun Roe Grimstad is på jobb» er eit kroneksempel.

Etterkvart vart eg varmare i trøya og tok til å bruke Facebook som lufteventil kvar gong noko gledde – eller irriterte meg. Kombinasjonen engasjement og lav impulskontroll fekk meg rett som det var i trøbbel. Om ein ynskte, var det fullt mogleg å bruke heile fredagskvelden på ein endelaus diskusjon om ein bagatell. Så vakna du neste morgon, i eit heilt anna sinnelag, og angra på det du hadde skrive.

På rein impuls – inspirert av ei reklame på TV ­– filma eg meg sjølv medan eg drakk tran rett frå flaska og la filmen inn som nytt profilbilete. Eg syntes sikkert det var morosamt, der og då. Så tenkte eg ikkje meir over saka.

Så ringte telefonen. Det var farmor Rannveig frå Hareid. Ho er 95 år og har vore på Facebook i mange år, utan å gjere veldig mykje ut av seg. Vi har alltid stått kvarandre nær, sjølv om det kan gå månadsvis mellom kvar gong vi snakkast.

Eg svara og høyrde med ein gong at noko ikkje var som det skulle. – No får eg kjeft, tenkte eg. Heilt sikkert fortent, eg kan vere tankelaus, av og til.

– Audun, eg har tenkt på deg i natt, og eg er uroleg for deg.

Eg kvapp til. Dette var meir alvorleg enn eg hadde sett for meg.

– Kjære Farmor, eg har det veldig bra. Kva tenker du på, kontra eg.

– Eg var inne på Facebook og såg desse nydelege døtrene dine. Tårene rann. Men, så ser eg profilbiletet ditt, der du drikk brennevin rett frå flaska. Då vart eg så lei meg. Og i natt har eg ligge vaken og tenkt at du er drankar.

Då kom eg på den flåsete profilfilmen min på Facebook.

– Men, Farmor, eg drikk tran. Rett frå flaska.
– Nei, det står "rom" på den, du drikk rom! Rett frå flaska!
– Det står sitrontran, Farmor, du må sjå igjen.

Ho pusta tungt, inn og ut. Lettelsen var openbar.

– Er det sant, Audun? Å, hadde du visst kor glad eg vart no. Eg trudde du drakk brennevin.
– Nei, det er tran. Eg er den einaste i huset som drikk av den flaska.
– Ja, det gjer du rett i, kjære Audun. Eg drikk og tran rett frå flaska. Og ikkje berre i månadane det er "r" i.
– Tran er bra for oss, Farmor, sa eg gledde meg over retninga samtalen tok. Litt tidleg.

– Ja. Men du må skjerpe deg på Facebook. Du er altfor krass.
– Ja, Farmor. Eg veit det.

Vi skifta tema, snakka om laust og fast før vi sa farvel og la på. Eg sat at med ei kjensle av at eg burde slette heile Facebook-kontoen og gå tilbake til livet slik det var før. Slutte å skrive ting eg angra på, bytte profilbilde på impuls og lese endelause diskusjonar om Giske-saka eller Trump. Det fører berre til tull, misforståing og bortkasta tid.

Eg smakte litt på det. Så humra eg litt av samtalen eg nettopp hadde hatt med Farmor og tenkte: – Den må eg dele på Facebook.

Så gjorde eg det.


Personlig skråblikk: Audun Roe Grimstad er AD og konseptutvikler i Metro Branding. I denne bloggposten deler han sine tanker om sitt elsk-hat forhold til Facebook i et personlig skråblikk. Audun kommer fra Sunnmøre og skriver på klingende nynorsk. 

Relatert: